Kva for fortrinn kan KI gje arbeidslivet i Ryfylke? Årets konferanse, den 9. i rekka, blir svært spennande! I år skal me setje kunstig intelligens (KI) som det overordna temaet og sjå nærmare på korleis me kan bruka KI i å styrkja Ryfylke.
Eksempel på nokre spørsmål me vil svare ut:
- Korleis kan næringslivet bruka KI til å bli enda betre?
- Korleis kan KI vera ein ressurs i omsorg og velferd for eldre?
- Kva rolle får KI for utvikling av attraktivitet og mobilitet i regionen vår?
- Kan KI spele ei rolle i integreringsarbeidet- og koss opplever innvandrarar Ryfylke?
– KI kan forandre veldig mange av oppgåvene våre i framtida. Om fem år vil mange av våre oppgåver bli betrakteleg endra som eit resultat av utviklinga av kunstig intelligens.