Rogaland Landbrukspark inviterer til konferansen “Mat til alle i ei uroleg verd”



Where? Tysværtunet kulturhus

When? September 1, 2025 9:30 am

Price? Fra KR. 350

Konferansen tar for seg Rogalands rolle som matprodusent i ei stadig meir uroleg verd.

Me får kunnskap om

  • Korleis andre land arbeider målretta med beredskap og matproduksjon.
  • Korleis sikra forsyningslinjene og råvaretilgangen.
  • Korleis gjera oss mindre avhengige av kritiske råvarer frå utlandet.
  • Vår rolle som matprodusent i urolege tider

Verda er uroleg. Landbruket skal levera mat til det norske folket. Me treng løfta blikket, og arbeida målretta for å vera førebudde på, og rigga til endringar, som kan koma. Både forsyningslinjene, matprodusentane og distribusjonskanalane treng kunnskap og innsikt for å vera robuste og leveringsdyktige. Politikarane må gi rammebetingelsar. Er dei villige til det?

Me inviterer landbruket og anna nærings- og samfunnsliv, kunnskapsinstitusjonar, finansinstitusjonar, offentleg tilsette, politikarar og andre interesserte til ein konferanse som skal gi oss ny kunnskap.

Desse kjem, og agendaen blir oppdatert etter kvart. Kjem du?  

Agenda  

09.30   Frammøte. Kaffi, te og mingling

10.00   Velkommen. Bjørn Halvor Åsland, styreleiar i Rogaland Landbrukspark.

10.10   Kva er dei svake punkta på garden i krisetider?

10.25   Kva grep tar ein for å sikra innsatsfaktorane til den vestlandske matprodusent?
            Keilih Hagen Nyback, direktør innkjøp optimering, Felleskjøpet Rogaland og Agder.

10.40   Tiltak for å vera leveringsdyktige til havbruksnæringa i krisetider.
            Leif Kjetil Skjæveland, samfunnskontakt og berekraftansvarleg hos Skretting AS.

10.55   Korleis endrar verdsbildet seg? Kva følgjer får nye maktstrukturar for sikre matforsyningar?
            Øystein Tunsjø, professor, Institutt for forsvarsstudier, Nasjonal sikkerhetsmyndighet.

11.30   Lunsj

12.35 Matberedskap i ei uroleg tid – behov for taktskifte i norsk forsyningstryggleik. 

13.05   Pause

13.20   Politisk debatt.

Partia sine 1.kanidatar til Stortingsvalet.

14.10   Finland si sjølvforsyning for å sikra finnane nok mat i krisetider.

Markus Lassheikki, direktør for strategi og forsyningsberedskap, det finske bondelaget.
Samtale med Bothild Å. Nordsletten, redaktør i Bondevennen.

14.45   Avslutning. Ståle Hustoft, leiar Rogaland Bondelag.

15.00   Vel heim!

Share