Vestlandet sin viktigaste møteplass for næringsliv, politikk og akademia er tilbake i februar. |
Ja, vi elskar dette landet. Dette vesle, vakre landet som gjennom siste femti åra har skride fram som eit av verdas rikaste, tryggaste og mest likestilte demokrati. No opplever våre europeiske naboland større sosial uro enn på lenge, med opprør, vald og høgreekstremisme på frammarsj. Korleis byggjer vi ei trygg framtid her heime, vel vitande om at verda rundt oss vil bli langt meir uroleg? Som vi alle veit: Det finst ingen snarveg til framtidig vekst og velferd. Når alarmen går i store delar av kommune- Norge, er tida ute for tom retorikk og symbolpolitikk. Vi får ikkje betre løysingar og høgare produktivitet ved å satse på tiltak og tenkemåtar som ikkje har virka til no. Årets Vestlandskonferanse rettar lyskastaren mot menneske som finn betre løysingar og nye vegar ut frå gamle, kjente problem. Det er tid for å tenke nytt. Det er tid for å tenke saman. Det er tid for Vestlandskonferansen 2025. Varmt velkommen! |