9 December 2021

Høgskulen på Vestlandet er Årets Erasmus-institusjon 2021

Kvinne i halvprofil smiler til kamera.
Prorektor ved HVL, Gro Anita Fonnes Flaten, er stolt over å få prisen for årets Erasmus-institusjon 2021. (Foto: HVL)

– Vi er veldig stolte over å få prisen og ser det som ei anerkjenning av eit langsiktig og målretta arbeid for å auke deltakinga i Erasmus-programmet både når det gjeld mobilitet og samarbeid, seier prorektor Gro Anita Fonnes Flaten.

Denne artikkelen ble opprinnelig publisert på DIKUs nettsider, og er gjengitt i sin helhet, med tillatelse fra HK-Dir.

Prisen blei offentleggjort under fyrste dag av Erasmusseminaret, som i år vert arrangert digitalt over tre dagar.

I si grunngjeving skriv juryen mellom anna: 

«Høgskulen på Vestlandet har hatt ei positiv utvikling i deltakinga i Erasmus+ dei siste åra, og arbeider godt og strategisk forankra med programmet. Forankringa er mellom anna synleg i institusjonen sin handlingsplan for internasjonalisering 2021 –2023, som har tydelege og høge ambisjonar for både prosjektsamarbeid og mobilitet gjennom Erasmus+.»

Les heile grunngjevinga her.

Europa eit viktig satsingsområde

Fonnes Flaten stadfestar at Europa er eit viktig satsingsområde for høgskulen.

– Vår handlingsplan for internasjonalisering slår fast at høgskulen skal ta ein internasjonal posisjon og vi skal medverke til mangfald og utdanne verdsborgarar. Europa er eit viktig satsingsområde, både gjennom forskings- og utdanningssamarbeid og når det gjeld student- og tilsettmobilitet. I same handlingsplan har vi nedfelt at vi skal prioritere å utvikle partnarskap med utvalde samarbeidspartnarar i Europa, og ta aktivt del i dei nye utdannings-, forskings- og innovasjonsprogramma, Horisont Europa og Erasmus +.

Prisen skal komme studentane til gode

Prisvinnaren får 10 000 kroner og ein diplom frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Tilskotet skal nyttast på ein måte som kjem studentane til gode.

– Vi har ikkje bestemt oss for kva prispengane skal brukast til, men vi gler oss til å peike ut eit godt førermål, seiar Fonnes Flaten.

Delast ut for åttande gong

Formålet med prisen årets Erasmus-institusjon er å verdsetje ein norsk høgare utdanningsinstitusjon for framifrå deltaking i Erasmus+-programmet. Det vert lagt vekt på at institusjonen har hatt ei positiv utvikling ut frå storleik og føresetnader. 

Prisen for årets Erasmus-institusjon vert i år tildelt for åttande gong.

Nysgjerrig på dine moglegheiter i Erasmus+? Les meir her.

Share